| Thread Previous • Date Previous • Date Next • Thread Next |
Hei, alle saman Håpar omsetjinga har gått greitt for dykk i ferien! Sjølv har eg diverre vore fråverande heile sommaren. Jobb, kjærast og lite internettilgang har gjort det vanskeleg å delta i omsetjinga. No har utdanninga teke over all mi tid, og eg må berre sjå meg nøydd til å leggje inn årene som administrator. Det vil seia at vi treng ein ny administrator som kan jobbe saman med Kjetil og koordinere arbeidet. Typiske oppgåver strekk seg frå å vurdere nye medlemmer til å samkjøre medlemmer og oppstraumen, og generelt gjera det ein kan så Ubuntu held høg språkleg kvalitet. Har du a) mykje tid til overs, b) språkevner i begge målformer utanom det normale og c) ein forkjærleik for Ubuntu og open kjeldekode, så meld interessa di åt meg eller Kjetil på kjetil@xxxxxxxxxxxxx . Still oss gjerne spørsmål om du vil veta meir. For alle andre: Fortset det gode arbeidet! Audmjuk helsing Ole Andreas Utstumo Eks-admin, Ubuntu Norwegian Translators
| Thread Previous • Date Previous • Date Next • Thread Next |